Skip to content

Trenaren har ordet

Tekst: Idar Flo, Foto: Jon Forberg Publisert: 17/09/2026

Etter eit surt eittmålstap i Stavanger satsar Volda på to poeng når Bækkelaget kjem på besøk på søndag.

Oslo-laget har starta med seier i sine to fyrste kampar, med 35 – 25 borte mot Gjøvik og så 21 – 18 heime mot Åsane sist helg. Volda-trenar Reidar Møistad trur at laget frå hovudstaden kan bli ein lei motstandar. – Eg trur ikkje Bækkelaget blir å finne i toppen av divisjonen når sesongen er over, men laget har kvalitetar og spelar med ein entusiasme som kan skape trøbbel for dei fleste, fortel Reidar.

Mot Bækkelaget og ei god stund framover må Volda klare seg utan Mie Stensrud som pådro seg ein skade i sluttsekunda mot Stavanger. – Det det er forferdeleg synd det som skjer Mie, og det er klart at vi som lag er betydeleg svekka utan ein slik sentral spelar på bana. Men eg trur at sjølv utan Mie skal vi vere istand til å kjempe godt om poenga både søndag og i kampane framover, og håper at vi får med oss god støtte frå publikum mot Bækkelaget, avsluttar Reidar.