Skip to content

Trenaren har ordet

Tekst: Idar Flo, Foto: Jon Forberg Publisert: 05/11/2026

Volda fekk sist helg ein gledeleg opptur mot Trondheim TH. Søndag er det ny kamp, denne gong mot Byåsen som rykte opp før denne sesongen.

– Laurdag køyrer vi til Trondheim for å førebu oss til kampen mot Byåsen på søndag. Dei står med null poeng etter seks kampar, så vi går nok inn i kampen som favorittar sjølv om eg reknar med at det blir nok ein vanskeleg bortekamp, seier Voldatrenar Reidar Møistad.

– Jentene har vore flinke og fokuserte på trening denne veka. Det er bra drive i gruppa no, og så eg håpar alle vil vere friske og raske til kampen på søndag. Vi skal jobbe knallhardt for å bygge vidare på det vi gjorde sist mot Trondheim TH, og så reiser vi nordover for å jakte på to nye poeng og ser oppover på tabellen.