Skip to content

Trenaren har ordet

Tekst: Idar Flo, Foto: Jon Forberg Publisert: 14/11/2026

Volda står framfor to heimekampar mot bergenslag på kort tid, fyrst mot Fyllingen på søndag og deretter mot Åsane på onsdag.

Volda fekk med seg eitt poeng mot Byåsen førre helg i ein kamp som sjansestatestikken tilsa at dei burde vunne. Fyllingen har hatt ein relativt god start på sesongen og står med ti poeng.

– Vi har hatt ei god treningsveke bak oss, og jentene er veldig motivert. Endeleg kan vi seie at vi nærmast kan stille med eit fulltallig lag, så vi gler oss til kamp og håper det kjem mange i hallen, seier Voldatrenar Reidar Møistad.

– Det blir ein tøff kamp mot Fyllingen som har hatt ein fin start på sesongen. Vi møtte dei i oppkøyringskamp like før sesongstart og vann den gangen klart. Då hadde Fyllingen berre vore samla nokre få dagar, mens vi hadde bak oss fleire veker med trening, så det er nok ikkje så samanliknbart med det som ventar oss på søndag. Men vi er klare, og skal gjere det vi kan for å sikre oss to poeng, avsluttar Reidar.

Kampstart Volda – Fyllingen søndag 15. november kl. 17.00

https://billett.voldahandball.no/#!/home