Hurra! Det vert handballskule i haustferien!

Det er ikkje berre elitedamene som får spele i Rema 1000-ligaen. I haustferien kan alle born som går i 1. til 7. klasse delta på Rema 1000 handballskule!

Handballglede, moro, leik og aktivitet er stikkorda for handballskulen som vert arrangert måndag til onsdag i haustferien i Volda Campus Sparebank1 Arena. Born frå 1-7. klasse kan delta, og det er ikkje naudsynt å ha spelt handball frå før – alle som har lyst er velkomne til kjekke dagar i hallen! 

Deltakaravgift er 400 kroner, og då byr vi på lunsj og frukt. Borna får også diplom, t-skjorte og ball. 

Arrangementet er i regi av Norges håndballforbund. Påmelding gjer du på www.handball.no/handballskoler.

Vi gler oss!