Volda handball 2022/23. Foto: MA Ortiz.

Ny kamp – nye mulegheiter

Ein solid fyrsteomgang mot Aker gav oss eit bevis på at Volda høyrer heime i Rema1000-ligaen, men etter pause fekk publikum også eit eksempel på at mykje kan snu fort i handball. Allereie onsdag er det klart for ny dyst når Volda reiser til Hamar. Kva forventningar har du til kampen mot Storhamar, Halli?

– Det er ny kamp og nye muligheter. Vi veit det er ei stor oppgåve som ventar oss når vi skal møte Storhamar som kjem rett frå seier i Champions League, fortel Halli.

– Vi har lyst til å fokusere på den flotte 1. omgangen som vi hadde mot Aker, og gjere alt vi kan til å bygge vidare på den.

– Storhamar er eit lag med fantastiske spelarar i alle posisjonar, og det blir ei stor oppgåve for oss å stoppe dei. Vi er skikkeleg gira på å kome oss ut på parketten, og «ta igjen» for 2. omgangen vi hadde mot Aker.

– Det er enno mange kampar igjen, og mange poeng å spele for. Vi er fortsatt med i kampen om å beholde plassen og unngå kvalifiseringsplass. Det blir derfor viktig å halde fokuset, og satse på å ta steg framover, avsluttar ein revansjelysten Halli.

Kampstart er onsdag klokka 18.00, og Storhamar – Volda blir vist på TV2 play.