I Volda handballklubb skal elitesatsinga og breiddesatsinga gå hand i hand.

Strategi for Volda handballklubb

I Volda handballklubb er den raude tråden «Liten før eliten».

Føremål

Dette dokumentet er tenkt som eit sportsleg dokument – ein raud tråd som klubben kan følgje i åra framover for å kvalitetssikre arbeidet som blir gjort i minihandballaga og juniorhandballaga. Volda Handball ønskjer at kvaliteten på spelarane våre vert heva, og vi trur at den systematiske måten vi jobbar på vil føre til betre spelarar over tid.

Klubben har eit mål om å halde flest muleg lengst muleg i idretten. Dette dokumentet inneheld derfor også ein plan om korleis vi kan rekruttere fleire spelarar til klubben, halde spelarane inne i handballen og utvikle Volda Handballklubb.

Vidare inneheld dokumentet fokusområde for kvart alderskull både for trening/teknikk, men også for viktige administrative område rundt foreldregruppene og klubben.

Dette dokumentet inneheld ingen øvingar. I 2019 er det gitt ut Treningshefte for Minihandball med ferdig laga øvingar, samt ein Øvingsbank for 10-14 år. Desse vert ikkje delte med andre klubbar/offentleggjort. 

Les heile dokumentet i PDF-fila nedanfor her.