NY HOVEDTRENAR TILSETT I VOLDA HANDBALL

PRESSEMELDING

Det er med stor glede vi kan melde at Reidar Møistad er tilsett som ny hovedtrenar i Volda Handball. Han tek over damelaget etter Halldor Stefan Haraldsson som har vore i Volda dei siste 7 åra og tatt laget frå 2. divisjon til eliteserien. Reidar startar i stillinga frå 1. juli 2023.

Partane har signert ei 3- årleg kontrakt (2+1) med intensjon om eit lengre samarbeid.

Avtalen er uavhengig av om Volda Handball spelar i Rema 1000 ligaen eller i 1. divisjon. Klubben sitt mål er uansett å få etablert klubben i eliteserien over tid.

Reidar Møistad har over 20 års erfaring frå norsk- og internasjonal topphandball, både når det gjeld klubb og landslag og har høgaste utdanning innan handballen, som EHF Master Coach. Han kjem no frå den polske eliteserieklubben JKS Jaroslaw, der han har vore hovedtrenar i kombinasjon med ei deltidsstilling som assistent for damelandslaget til Polen.

Han har også vore trenar over to sesongar for den danske toppklubben København Håndbold, samt trenar både for det norske juniorlandslaget og rekruttlandslaget.

Reidar vil ut over det å vere hovedtrenar for damelaget, engasjere seg i og rundt breddesatsinga i Volda Handball.

Reidar ser fram til å ta med seg sin familie til Volda og bidra til at klubben tek nye steg og stabiliserer seg som ein toppklubb i Noreg, som etter Danmark blir vurdert som den sterkaste ligaen i verda.

Han uttaler:
«-Eg har fulgt med Volda Handball og reisa dei har hatt over mange år og er svært imponert over det klubben har fått til med utgangspunkt i ein bygdeby som Volda. Og når eg kom og fekk sjå den fantastiske arenaen dei også har stått i spissen for å få bygd, vart eg overbevist om at Volda må bli mitt neste prosjekt.»

« I Volda Handball er vi stolte over å få på plass ein ny trenar med dei kvalifikasjonar og den erfaring som Reidar har med seg. Her har vore fleire godt kvalifiserte søkarar som fortel at klubben har markert seg positivt over fleire år no. Reidar er opptatt av både breidde- og toppidrett og er kjent for å vere ein svært inspirerande og dyktig lagbyggar. Dette stemmer godt med dei verdiane klubben står for og vi ynskjer Reidar varmt velkomen til Volda», uttalar ein fornøgd Arild Bakke i Volda Handball team elite.

Ved spørsmål, kontakt:

Reidar Møistad: mobil 00 48 512 848 646

Volda Handball, team elite: Arild Bakke mobil 905 22420/Bent Ingebrigtsen mobil 976 66520