Foto: Fotograf MA Ortiz

Volda Handball søkjer assistenttrenar!

Deler du vår draum og vår entusiasme om å utvikle Volda Handball til ein etablert klubb i Rema 1000 ligaen og samtidig sjå verdien og gleda i ei breiddesatsising med fokus på trivsel og utvikling for alle? 

Vår draum om spel i Rema 1000 ligaen vart ein realitet i 2022 og klubben har nyleg ansatt Reidar Møistad som ny hovedtrenar. Vi søkjer no etter ein assistent i trenarteamet som skal bidra til å utvikle laget vidare og samtidig ha ansvar for rekruttlaget. Assistenttrenar skal også bidra med sin kompetanse inn mot aldersbestemte lag etter nærmare avtale.

STILLINGA

Dette er i utgangspunktet tenkt som ei deltidsstilling på 50-70%, men kan utvidast til opp mot 100% dersom vedkomande har kvalifikasjonar inn mot aktuelle administrative oppgåver.

Sportslege kvalifikasjonar vil bli vektlagt klart tyngst ut frå at vedkomande vil få delegert ansvar for spesifikke områder i samråd med hovedtrenar, ha hovedansvaret for rekruttlaget og være ein ressurs overfor aldersbestemte lag i klubben.

Aktuelle administrative oppgåver for å auke stillingsprosenten kan være terminlistearbeid, andre oppgåver overfor forbund og regionskontor, administrere handballskular, samt utføre andre oppgåver etter avtale med dagleg leiar.

Klubben ynskjer å legge til rette for at assistenttrenar tek vidare utdanning med mål om trenar D nivå/Master Coach om dette er aktuelt.

DU

  • Entusiastisk, inspirerande og ambisiøs
  • Tenkjer heile klubben
  • Kompetent med erfaring frå topphandball, enten som spelar eller trenar
  • Strukturert og ryddig 
  • Sterk på relasjonsbygging og likar å jobbe i team

VOLDA HANDBALL

Volda Handball har ei spennande historie etter at klubben etablerte eit satsingsprosjekt og ein draum om eliteseriespel for damelaget. Dette har resultert i at Volda i dag er den leiande staden for handballsporten på Sunnmøre. I tillegg var bygging av Volda campus Sparebank 1 arena, som kanskje er den flottaste handballarenaen i Noreg, ein direkte konsekvens av Volda Handball si toppsatsing.

  • Bygd på verdiane entusiasme, trivsel og utvikling
  • Breiddeklubb for jenter og gutar, toppklubb for damer
  • Målretta og systematisk arbeid i 20 år med ein berande visjon om eliteseriespel
  • Tilbyr ein av landets flottaste arenaer, spesielt tilrettelagt for både breidde- og topphandball. Ein arena som er eigd av Volda Handball og KFUM Volda Volley gjennom selskapet VCA as
  • Blant dei klubbane i Noreg med flest publikum
  • Dugnadsånda står sterkt
  • Ordna økonomi med stort engasjement frå lokalt næringsliv

VOLDA

  • Sentrum på Søre Sunnmøre, ca 70.000 innbyggjarar i nærområdet
  • Flyplass 10 minutt frå Volda, regional flyplass i Ålesund (90 min)
  • Høgskule med ca 4.500 studentar
  • Sjukehus
  • Rikt kultur- og idrettsliv
  • Fantastisk natur rett utanfor utgangsdøra
  • God barnehagedekning, nye barne- og ungdomsskular, vidaregåande skule

Søknadsfrist og tilsetting: 

Snarast og prosess rundt tilsetting vert sett i gang så snart aktuelle kandidatar har søkt. For meir informasjon om stillinga kontakt Bent Ingebrigtsen. Søknader sendast til bent@ingebrigtsen.me, mobil 976 66 520