Saman er vi sterke!
Volda handball er takksam for alle bidrag til klubben, både store og små. Veggen «Saman er vi sterke» symboliserer nettopp dette, og no er den på plass i Volda campus Sparebank1 arena.
Saman er vi sterke signaliserer samhald og ønskjet om å gjere kvarandre gode, og veggen er for bedrifter og private som vil vere med på den tanken. Dei som er med får logoen/namnet sitt på veggen i tillegg til to sesongkort, fortel Ståle Mork i sponsorgruppa. Han tykkjer at det er kjekt å sjå at mange nye bedrifter er med på veggen, og kanskje nokre av dei vurderer endå meir engasjement etterkvart.
Voldakaptein Hannele Nilsson synest støtta er viktig, og håpar alle dei som no har sikra seg sesongkort for resten av denne og dei to neste sesongane kjem på kamp og jublar laget fram til nye sigrar.
Hovudtrenar Reidar Møistad seier at eit breitt og solid nettverk av samarbeidspartnarar er viktig for satsinga mot eliteserien. -Skulle det bli for liten plass på denne eine veggen, skal vi gjerne få laga fleire, legg han til med eit smil.
Vil DU ha namnet ditt på veggen? Ta kontakt, enten på vegner av bedrifta di, familien eller saman med vener. – Hos oss vil du få eit godt og rimeleg tilbod på logo og få sesongkort på kjøpet, avsluttar Ståle, Hannele og Reidar entusiastisk,