Årsmelding Volda handball 2023
Førre årsmøte valde følgjande styre:
Cecilie Åmås – styreleiar
Tore Sørheim – nestleiar
Arild Bakke – styremedlem
Linda Engjaberg – styremedlem
Janette Kobbevik Mikalsen – styremedlem
Bjørn Ødegaard Osdal – styremedlem
Skjalg Lidarende – styremedlem
Kari Anne Kriken Fylling – varamedlem
Stefan Halck – varamedlem
Tormod Utne – varamedlem
Ansvarsfordeling mellom styremedlemane:
Cecilie Åmås – leiar/ arrangement
Tore Sørheim- Volda handball Bredde
Linda Engjaberg- Volda handball Bredde
Bjørn Ødegaard- økonomi
Arild Bakke- Volda handball Elite
Janette Mikalsen- Volda handball Elite
Skjalg Lidarende- lotteri/dugnad
TILSETTE:
Solveig Storeide er tilsett som dagleg leiar i 100% stilling. Ho jobbar på kontoret i VCA. Har hovudansvar for den daglege drifta, arrangementansvarleg bredde, «Køyrelister» for alle arrangement. Oppfylging av dugnadar, materiell og utstyrsoppfylging. Har oppfylginga inn mot Topphandball, NHF, Reg. Nord og NIF. Jobbar med opplegget til Akademiet.
Hilde Karin Berg er administrasjonsansvarleg og er tilsett på timebasis. Ho har hatt ansvar for medlemsoversikt, kasserararbeid, noko oppfølging inn mot NIF, NHF og region Midt Noreg, dommarutvikling, dommaroppsett og terminliste. Ho har stått for opplæring av dagleg leiar.
Halldor Stefan Haraldsson er tilsett i 70% stilling som trenar for damelaget og 30 % med ansvar for terminlistearbeidet i eliteserien, kartlegging av spelarar og utvikling av spelarstallen. Har også ansvar for den raude tråd (treningsopplegg) for klubben.
Halldor jobba i Volda handball fram til sommaren 2023.
I juni starta Reidar Møistad som trenar for 1.divisjon damelaget i 100% stilling.
Hilmar Gudlaugsson er tilsett i 60% stilling som trenar for 3. div., Rekrutt og J 15/16 år, samt assistent-trenar for elite, kombinert med spelarutviklar for aldersbestemte spelarar. Har det sportslege ansvaret på handballskulane. Er leiar for Akademiet som starta etter nyttår 2023, og har hatt oppfølging av nystarta lag.
Hilmar slutta i Volda handball juni 2023.
Thomas Reeh Andersen tok over stillinga etter Hilmar til sesongen 2023/24. Han byrja i stilling som trenar for 2.divisjonslaget og assistenttrenar for 1.divisjonslaget i 100% stilling juni 2023.
Turid Mork Bakke , Karoline Rustad Grebstad og Jan Helge Løseth har hatt noko lønskompensasjon for trenararbeidet dei har gjort for klubben.
Damespelarane på elitelaget har mange mindre proffkontraktar. Hante Hamel, Katrin Tinna Jensdottir, Julia Andriichuk, Rakel Elvarsdottir, Jelena Terzic , Hannele Nilsson, Rikke Jensen og Aud Silseth er tilsette i større stillingskontrakter.
Møteaktivitet:
Det er helde 12 styremøter i 2023. Prosjektmøter er også i år helde etter behov, og sakene er rapportert inn til styret.
Aktivitetar klubben har arbeidd med:
Sesongen 2022/2023 rykte elitelaget ned igjen i 1. divisjon, men med klare målsettinga om å rykke opp igjen i eliteserien.
3. divisjonslaget rykte opp i 2. divisjon etter ein spennande avslutning av serien. Dette vart klaga inn til forbundet av Godøy, men klaga vann ikkje fram.
I påska arrangerte vi landskamp mellom Norge og Montenegro , kvinner, som vart eit svært vellukka arrangement.
- Klubben arrangerte handballskule vår og haust.
- I januar vart det arrangert miniturnering for dei yngste, 6-9 år
- Gjennomført lagsdugnadar. To loddsal, eit papirsal og eit sokkesal. Nytt på dugnadsfronten var at på salsdugnaden kunne ein velje mellom fleire artiklar. Desse er viktige bidrag til økonomien i klubben.
Det har blitt lagt ned eit stort arbeid opp mot sponsorane i eit vanskeleg år. Generalsponsor er Sparebanken Møre og hovudsponsor er Tussa Kraft AS.
Elitesponsor: Rotevatn Trafikkskole As, Kiwi Volda , Egset Ventilasjon, Hummel
Klubbsponsor: Intersport Volda ,Aurstad AS, Dale Interiør AS, Furene AS, Ørsta Bil
Utstyrsleverandør: Hummel
Sportsleg:
Vi melde på desse laga til sesongen 23/24:
Eitt lag; Damer 1. divisjon og NM-senior, 2. div., 5. div. og J 20
J 16, J14, J11, G 12, J 13, G12 og G 9
To lag; J 15, J 13, J 12, J 10, J 09 og G 12 og G11
I tillegg har vi treningsgrupper for 6-,7- og 8 år.
Vi har Partnerklubbavtale for dame senior med Aksla IL, Ørsta IL og Stryn TIL.
Laga våre:
Sesongen 2022/2023 rykte elitelaget ned til 1.divisjon. Det vart ein del endringar i troppen til serien 2023/24
I NM cup 1. runde vann laget over Godøy/Valder, 2. runde vann dei over Førde og 3. runde vann dei over Junkeren .4.runde blei det tap for Sola.
Andrelaget rykte opp i 2.divisjon til serien 2023/24
For dei aldersbestemte laga har det vore mange kjekke kampar og arrangement i VCA. Det varierer med tap og sigrar, og stemninga er jamt god
Trenarar:
Alle lag har vaksne trenarar. Fleire foreldre er trenarar eller hjelpetrenere, i tillegg til dei som er tilsette. Denne sesongen har det vore for det mest foreldretrenarar. Treningstidene er 1½ time til dei eldste, og 1 time for dei yngre.
ØKONOMI
Når det gjeld økonomi syner rekneskapen eit underskot i 2023. Vi viser til årsrekneskapen for 2023 for Volda Handball.
OPPSUMMERING
Klubben har 318 medlemmar aktive medlemmar. Av desse er 258 spelarar. Dette er tala vi får fram i NIF sine rapportar. Vi har spelarar frå 6 år og oppover. Forholdstalet jenter: gutar er på veg mot 5:2 i aldersgruppa 6-19 år. Økonomisk har Volda Handball gått med underskot denne sesongen. Vi held fram med å finne aktivitetar som kan gi inntekter til klubben. Volda Handball rettar ei stor takk for positiv støtte til sponsorar, trenarar, spelarar, støtteapparat, foreldre og eit aktivt styre.
For styret i Volda Handballklubb Volda 27.03.2024
Cecilie Åmås (styreleiar)
Tore Sørheim (nestleiar