Margit er med vidare!
Margit Lidal har signert kontrakt for vidare spel for Volda! Margit har med sine 100 mål og solid forsvarsspel vore sterkt delaktig i at Volda no er klar for kvalik for opprykk i Rema 1000-ligaen.
Margit kom frå Ålgård til Volda før sesongen 2022/23, og har fått ei stadig meir sentral rolle i laget. Trenar Reidar Møistad er godt fornøgd med at Margit blir med vidare i toppsatsinga til Volda. – Vi fekk ein gladnyhet i går kveld, då Margit signerte ny kontrakt med oss. Margit er ein av kontiunitetsberarane i laget, og har hatt ein svært god sesong. Vi gler oss til å sjå henne utvikle seg vidare i Volda-drakta.