Oppkøyringa i gang

Volda er godt i gang med førebuingane til komande sesong. Igjen er det eit nærast heilt nytt lag som skal setjast saman, med heile seks nye spelarar inn i troppa.

Treningane starta for fullt igjen 22. juli, og vi har spurt trenar Reidar Møistad om kva oppkøyringa har vist så langt: – Fyrste veka har gått med til mykje spel og fokus på forsvaret og kontringsspelet. Treningane blei gjennomført med god kvalitet og høg intensitet. Måndag 29. juli var testdag. Etter tre gjennomførte testar på hurtigheit og uthald kan vi berre fastslå at jentene verkeleg har jobba godt i sommar, fortel Reidar og legg til at eit godt fornøgd støtteapparat noterte mange nye personlege rekordar .

Treningskamp mot Molde elite

Tysdag 30. juli gjekk turen til Molde for treningskamp mot Molde Elite. Kampen endte 38 -22 (20-6) til Molde. – Vi var spente på å sjå kor langt vi var komne på berre seks dagar med samtrening, fortel Reidar. – Fyrste omgong blei ein «reality-check» kor vi blei satt skikkelig på plass. Etter ein god pauseprat gjekk vi til andre omgong med ei heilt anna innstilling og trykk. Ein heilt jamnspelt andre omgong gav oss gode svar på det vi har jobba med så langt, og ein god pekepinn på kva som vi må forbetre i tida framover.

Kva er planane framover? – No ventar to veker med knallhard samtrening før vi reiser til Fjellhammer-cup 16-18. august. Deretter ventar cup-kamp mot Godøy den 20. august før vi tek imot Flint i serieopninga heime i Campus den 1. september, avsluttar Reidar.

Desse seks nye spelarane får vi snart sjå i voldadrakt (fv): Bertine Sundby Lunde (Fredrikstad), Mathilde Bengtsson (Odense), Tuva Willmann (Utleira), Mie Blegen Stensrud (Molde HK elite), Kari Sætern (Byåsen) og Nora Jacobsson Van Stam (BSV Sachsen Zwickau)