Slik blir du medlem i Volda Handball
Bli medlem i Volda handball
For å bli medlem i Volda Handball må du lage deg ein profil hos Norges Idrettsforbund. Sjå oppskrifta på korleis du gjer det her:
- Gå til medlemskap.nif.no
- Søk opp Volda Handballklubb
- Lag ny profil eller logg inn
- Vel kven som skal vere medlem. Du kan melde inn deg sjølv og born under 15 år
- Vel type medlemskap og kva aktivitet du ønskjer å delta på
- Send inn søknad
Det kan vere greitt å vite at du må oppgi personnummer i denne prosessen for å sjekke registreringa opp mot folkeregisteret og sikre at kontoen er knytt til deg. Dette vil ikkje vere synleg for verken Norges Idrettsforbund eller nokon i Volda Handball, og det vert heller ikkje lagra her.