Samling før leik

Oppstart Allidrett

Onsdag 4.september var det oppstart av allidrett i Volda Campus Sparebank 1 Arena. Dette er eit tilbod for barn i alderen 5-8 år, det målet er å drive med ymse fysiske aktivitetar for å gjere barna så allsidige som mogleg og forhåpentlegvis skape nokre nye handballstjerner for Volda i åra som kjem.

Kring 50 stk hadde meldt seg til den første treninga. Med oppvarming, leik og moro vart den første treninga ein stor suksess! På slutten fekk vi besøk av Atle og Sindre frå Sparebanken Møre, dei snakka litt om kor viktig aktivitet, leik og morro er.
Alle ungane fekk og med seg kvar si drikkeflaske frå Sparebanken Møre.

Det er fortsatt ledige plassar i begge gruppene. Plass kjøper du i Volda handball appen.
No gler vi oss til meir aktivitet i hallen dei komande onsdagane.
2018/2019 har trening frå 16:30-17:15, medan 2016/2017 har trening frå 17:15-18:00.
For spørsmål ta kontakt med Guro Bakke Liaskar på e-post: guroliaskar@gmail.com