Møt Mie!

Med over 60 mål så langt i sesongen tronar Mie Blegen Stensrud på toppen av målstatistikken i 1. divisjon. Men det var eigentleg ishockeyspelar ho ville bli.

Det er nok mange handballkeeperar som har opplevd skot frå Mie suse inn i nettmaskene som gjerne kunne ha tenkt seg at hockeydraumen hennar hadde blitt oppfylt. – Då eg var liten var eg med min sju år eldre bror på hockeytrening, fortel Mie. – Eg syntest det var kjekt, og hadde lyst til å gjere som han. Men på Lillehammer så hadde dei ikkje eige ishockeylag for jenter, så dermed fekk eg ikkje lov.

Noko enklare var det å få prøve seg i andre idrettar, blant anna fotball. – Eit av mine fyrste idrettsminne er at eg spelte fotball saman med barn i nabolaget. Min fyrste fotballkamp spelte før eg var begynt på skulen, og då var det saman med gutane som var eitt år eldre, fortel Mie. – Eg spelte fotball omtrent fram til ungdomsskulealder. Det var ingen som hadde lyst til å stå i mål, så eg tok ein for laget og blei keeper. Eg var nok ikkje noko fotballtalent, vedgår Mie, men når eg stod i mål så kunne eg bruke hendene, så det var nok meir handball som låg for meg.

Mie som fotballkeeper før ein kamp på Lillehammer i 2014. Sjølv om keeperkarriera tok slutt eit par år seinare synest Mie framleis det er kjekt å spele fotball.

Som så mange andre handballspelarar var det foreldre som trakk i trådane då idretten blei introdusert. – Mamma hadde spelt handball, og då det ikkje blei noko av ishockey så «tvang» ho meg med på handballskule. Eg hugsar at eg eigentleg ikkje hadde lyst, og syntest heller ikkje at det var noko kjekt fordi vi spelte i ein bitteliten gymsal, fortel Mie. Dette skulle fort endre seg. Med mamma som trenar oppdaga Mie etter kvart gleda med å spele handball for LFH (Lillehammer/Fåberg handball). – Det var på handballbana eg følte meg mest heime, og der eg hadde dei nærmaste venene mine. Vi var ein liten samansveisa gjeng som hadde det kjekt ilag, og eg har framleis kontakt med fleire av dei eg spelte saman med, seier Mie.

Mie i sitt rette element i 2013

Seinare blei det noko meir alvor i leiken, og då Mie gjekk i 9. klasse spelte ho i Bringserien saman med dei som var eitt år eldre. – Eg har alltid vore seriøs i det eg har gjort, det har alltid vore eit mål om å bli så god som muleg. Etter ungdomsskulen gjekk eg på NTG (Norsk toppidrettsgymnas) på Lillehammer mens eg spelte for LFH.

Etter kvart var det andre klubbar som såg at Mie hadde talent, og i 2022 gjekk ferda til Molde i Rema 1000-ligaen. – Det var eit stort steg, og eg var førebudd på at det kom til å bli tøft. Det tok fleire månader før eg følte at eg presterte på trening, men etter kvart så merka eg framgang. Fyrste sesongen spelte eg mest for 2. divisjonslaget til Molde, men trente fast med elite og fekk nokre innhopp der, fortel Mie.

Året etter var Mie blitt 21 år, og då var aldersreglane til handballforbundet slik at det ikkje lenger var så lett å spele i 2. divisjon viss ein hadde vore på bana i ein høgare divisjon. Sjølv om det blei litt fleire innhopp i elitedivisjon, blei det totalt sett ein sesong med lite speletid. Samstundes signerte Molde fleire gode spelarar slik at konkurransen om plass på laget blei tøffare. For vidare utvikling ville det derfor vere bra om Mie kunne lånast ut til ein klubb som gje henne meir speletid og ei sentral rolle, meinte klubben. Då kom Volda på bana. – Eg hadde gode samtalar med Reidar, og fekk eit fint inntrykk av klubben. Jentene tok meg veldig godt imot, og så kjente eg også Emma frå då vi gjekk saman på NTG. No er eg på utlån frå Molde ut denne sesongen, og så får vi sjå kva som skjer då.

Mie spelte i den landsomfattande Bringserien i 2017

Mie har funne seg godt til rette i den nye klubben.Eg trives veldig godt med å bu her, og eg er mykje saman med dei andre på laget. Eg har ikkje tenkt så mykje på at Volda er ein liten plass der det kanskje ikkje er all verda å finne på, men så er jo heller ikkje Lillehammer nokon storby. Eg er blitt positivt overraska, og synest det er fint å vere i ein klubb som så mange brenn for, fortel Mie.

Ved sidan av handball får Mie også tid til noko studiar. – Eg studerer Organisasjon og leiing på nett, det er eit årsstudium som eg kan velje å byggje vidare på, fortel Mie, som avslører at ho enno ikkje har peila seg inn på eit framtidig yrke. – Det er noko eg prøver å finne ut av, det er derfor eg tek studiar som kan brukast til mykje.

Mie har med solid forsvarsarbeid og sine mange mål vore sterkt delaktig i at Volda kjempar i toppen av 1. divisjon. – Vi starta sesongen ganske bra, men så fekk vi tapet mot Pors som har hengt over oss lite grann. Men alt i alt skal vi vere fornøgd, og så er det vel berre nokon små justeringa som skal til for at vi skal prestere på det nivået vi veit at vi kan. Eg synest eg sjølv starta sesongen ganske bra. Sidan har det vore nokre kampar der eg ikkje har prestert så godt eg ønsker, men eg både håpar og trur at eg vil kome tilbake til det nivået eg starta, for det er sånn eg likar det, fortel Mie. 

Kva så med sjansane for opprykk? No står kampar mot dei to argaste opprykksrivalane for tur, kva er utsiktene for resten av sesongen? – Eg trur vi har gode sjansar til å slå både Aker og Fjellhammer når vi spelar på vårt beste. Det blir nokon tøffe kampar framover, men vi får ta ein kamp om gangen og sjå korleis det ender til slutt, men eg har ordentlig trua på at vi skal få det til, avsluttar Mie. 

Det blir GRATIS INNGANG til Volda – Aker topphåndball onsdag 18. desember kl. 17.30. Kom og støtt Volda!