Heimekamp mot Levanger

Det eine laget etter det andre har reist slukøra og poenglause frå Volda. Denne gongen er det Levanger som skal forsøke å bryte Volda si lange seiersrekke.

I troppa til trøndarane finn vi også ein gamal kjenning, tidlegare Volda-målvakt Hilde Søyseth, som i sine beste stunder kan frustrere motstandarlaget med ein høg redningsprosent. Levanger ligg i dag nede på 11. plass, men Volda-trenar Reidar Møiseth trur at det kan bli ein tøff kamp mot eit lag som i det siste kan vise til gode resultat.

– Levanger er i form og har vunne 4 av dei 5 siste kampane, kun slått av Aker etter ein svært jamn kamp. Vi skal derfor opp på vårt beste nivå for å ta 2 nye poeng. Vi er inne i ein meget god stim og kjenner på god sjøltillit i gruppa, men det er ein hårfin balanse mellom sjøltillit og sjøltilfredsheit, så den fella er vi veldig klar over. Vi gler oss til søndag, og håper på mange mennesker i hallen.

Kampstart Volda – Levanger søndag 26. januar kl. 15.00. Billettar kan kjøpast i Volda handball-app eller ved inngang.