Dana tilbake fra landslagssamling

Førre veke var det pause i dei to øvste divisjonane på grunn av landslagssamlingar. For Volda-kaptein Dana betydde det tur til Island og samling med landslaget – som vart runda av med kamp mot sjølvaste Danmark. No er ho tilbake, full av erfaring og klar for to knallkampar på fire dagar!

Dana fortel:
– Ei knallgod veke med mykje handball og tøffe testar. Vi avslutta med kamp mot Danmark, eit av dei beste laga i verda. Der fekk vi verkeleg kjenne på nivået, og samtidig mange gode svar på kva vi må utvikle vidare.

Både dette bildet, og framsidebildet er teke av Jon Forberg / Handball Today

No ventar ein hektisk periode for Volda:
✈️ Først set jentene seg på flyet for å møte nyopprykka Stavanger på bortebane.
🏟️ Deretter brakar det laus i Volda Campus Sparebank1 Arena onsdag 1. oktober kl. 18:00, når Flint Tønsberg kjem på besøk – ein nøkkelkamp i opprykksstriden!

Og ikkje nok med det:
🎀 Denne kampen er vår Rosa Sløyfe-kamp. Heimejentene speler i rosa drakter, og saman markerer vi kampen mot kreft. Det blir ein kveld med både handballfest og viktig bodskap!

👉 Bli med og støtt både laget og saka – sikre deg billett i appen eller via linken under.