
MEP – den sanne målestokken på prestasjonar
I handballverda finst det mange måtar å måle kor god ein spelar er – antal mål, redningsprosent, assistar eller stjålne ballar. Men ingen av desse seier alt. Difor er MEP (Most Effective Player) – altså den mest effektive spelaren – rekna som den mest rettferdige og heilskaplege måten å vurdere ein spelar si prestasjon på.
Kva er MEP?
MEP er eit statistisk verktøy som samlar alle dei viktigaste spelares prestasjonar i éin verdi. Her får du poeng for mål, målgivande pasningar, blokkerte skot, redningar og tekniske bidrag – men du blir også trekt for bomskot, tekniske feil og utvisingar.
Det betyr at ein spelar ikkje berre blir målt på kor mykje ho gjer, men kor effektivt ho gjer det.
Dermed gir MEP eit mykje meir presist bilete av kven som faktisk leverer jamt og godt – ikkje berre kven som skårar mest.
Volda viser veg
Etter dei første rundane i 1. divisjon er det spesielt tre Volda-spelarar som har markert seg i MEP-statistikken – og alle tre er på det løpande «Årets lag» basert på tala så langt:
🥅 Natasja Kyndesen – målvakt
Med imponerande redningsprosent og evne til å levere når det gjeld som mest, har Kyndesen vore ein av divisjonens mest stabile og avgjerande spelarar bakover på bana.
🏃♀️ Dana Bjørg Gudmundsdottir – venstrekant
Kapteinen vår er som vanleg blant ligaens mest presise kantspelarar. Fart, timing og scoringseffektivitet gjer henne til ein nøkkelspelar – og MEP-tala stadfestar nettopp det.
💣 Mie Blegen Stensrud – venstre back
Med eit målsnitt på toppnivå og ein imponerande kombinasjon av kraft, teknikk og tempo, har Mie verkeleg slått gjennom som ein av ligaens mest frykta skytarar.
Årets lag så langt (basert på MEP)
- Målvakt: Natasja Kyndesen (Volda)
- Venstrekant: Dana Bjørg Gudmundsdottir (Volda)
- Venstre back: Mie Blegen Stensrud (Volda)
- Midtback: Malin Lundemo (Flint)
- Høgre back: Jenny Husaas (Aker)
- Høgrekant: Arja Døsvik (Levanger)
- Linjespelarar: Janne Nordnes (Trondheim Topphåndball)
MEP – meir enn berre tal
Når tre av sju spelarar på årets lag så langt kjem frå Volda, seier det alt om kvaliteten og kontinuiteten i laget. MEP gir eit objektivt bilete – men for alle som har sett Volda spele denne hausten, trengst det eigentleg ikkje statistikk for å skjøne det: dette er eit lag fullt av prestasjonar som tel. 💚 No sett vi vår lit til at publikum kan være den åttande spelaren i Volda Campus framover!


