
Tap i Trondheim
Kampen åpna i eit forrykande tempo, men det var tydeleg at ingen av laga heilt klarte å handtere farten. Volda slit med presisjonen og har heile ti tekniske feil dei første 20 minutta – noko som set sitt preg på omgangen. Uttellinga frå bakspelarane har heller ikkje vore på nivå med det vi er vande med å sjå frå jentene våre.
I ein elles tung omgang framover er det linjespelarane som held Volda inne i kampen. Helga har vore bunnsolid med 4 av 4, medan Tuva følgjer opp med 2 av 2 – begge med god timing og sterke avslutningar frå tronge posisjonar. Bakover slit Volda med å stå imot trykket. Forsvaret lekker som ei sil, og Natasja i mål får liten hjelp frå sine utespelarar. Utleira utnyttar dette konsekvent, spring igjennom midten og får altfor enkle mål.
Etter pause ser det lenge ut som Utleira skal stikke ifrå når dei går opp i ein firemålsleiing. Men Volda svarar raskt, og etter berre éi utvisningsperiode er stillinga lik – 19–19. Kampen vipper fram og tilbake, og med ti minutt igjen er det Volda som har teke initiativet og leia med to mål. Då såg det ut som gjestane hadde fått kampen inn i sitt spor, men heimelaget ville det annleis. Utleira skrur opp tempoet på nytt, snur kampen og held fast på leiinga heilt inn til slutt.
For Volda sin del blir det avgjerande at dei vinn for få duellar bakover i forsvar, noko som også gjer at redningane uteblir. Framover er det glimtvis bra, men for mange feil gjer at poenga blir verande i Trøndelag. No ventar ei ny økt på teiknebrettet før turen går nordover igjen om to veker – denne gongen mot Trondheim Topphåndball som står klar til kamp.
Hannele blir kåra til vår beste spelar. Linjespelarane våre er også verdt å nemne hvor både Helga (7/7) og Tuva (3/3) har full uttelling.
Neste heimekamp er 2. november mot Åsane frå Bergen.