Trenaren har ordet

Etter to turar til Trondheim med mager poengfangst er Volda igjen klar for heimekamp. Søndag er det Åsane som er motstandar, eit lag som kan vise til fleire gode resultat denne sesongen.

Etter at Volda vann dei fire fyrste kampane er det blitt tap mot Utleira og uavgjort mot Trondheim TH. Skal Volda henge med i toppstriden, bør laget kome tilbake på vinnarsporet mot Åsane, meiner voldatrenar Reidar Møistad.

– Det blir en tøff kamp mot Åsane som har overraska positivt i år. Eg synes dei på mange måtar har framstått som eit solid lag. Vi kjem frå eit uventa dårleg resultat i Trondheim der vi leiar klart etter fyrste omgang, men rotar oss bort etter pausen. Men vi har lagt skuffelsen bak oss, og er klare for å revansjere oss, fortel Reidar.

– Vi har ein noko uoversiktleg skadesituasjon som gjer at vi nok ikkje veit kva vi stiller med før tidlegast torsdag. Det kan bli ei utfordring, men då må vi berre ta det på strak arm. Vi kjem uansett til å brette opp ermene for å kjempe godt om to poeng mot Åsane, lovar Reidar.

Kampstart Volda – Åsane er 2. november kl. 1800 i Volda campus Sparebank1 arena.

Billettar kan kjøpast i app eller på nett her: https://voldahandball.woow.no/home