
Møt Hannele
Då Hannele Ebba Nilsson skulle begynne på toppidrettsgymnas stod ho framfor eit vanskeleg dilemma. Skulle ho halde fram med fotball eller handball?
Volda handball kan prise seg lykkeleg for at valet falt på handball. Den svensk playmakeren er no i sin tredje sesong i Volda sidan overgangen frå BSV Sachsen Zwickau i tysk bundesliga. – Eg har så lenge eg kan hugse vore svært sportinteressert, og har alltid synest at det har vore kjekt med all sport. Eg kjem frå ei lita bygd der det var handball om vinteren og fotball om sommaren.
Den vesle bygda heiter Väring, og næraste by er Skövde, der det bur omlag 65.000 innbyggjarar. For den som framleis har problem med å sette Hannele sin heimstad på kartet kan det nemnast at Skara sommarland er ikkje så langt unna, og den ligg ein to timars biltur nord for Gøteborg mellom Vänern og Vätteren.

Klassefotball i 2004. (Foto: Privat)
I familien var det fotball og handball som var den store interessa, fortel Hannele. – Både mamma og pappa hadde spelt fotball. Pappa var trenar for min to år eldre bror som både spelte fotball og handball, og då eg var seks år begynte også eg.
På fotballbana spelte Hannele mest på midtbana og i angrep. Då ho kom opp på seniornivå spelte ho på eit lag som hevda seg bra i svensk 1. divisjon.

Ulvåkers IF i 2007. (Foto: Privat)
Også på handballbana har Hannele alltid likt seg best sentralt på bana.- Min barndomsklubb var HK Country, og der spelte eg venstreback og midtback. Eg har alltid hatt mest lyst til å spele midtback, og å vere playmaker. Eg synest det er kjekkare å spele opp til å la andre score enn å score sjølv, fortel Hannele.
– Barndomsklubben min var HK Country som eg spelte for fram til eg var 14-15 år. Då eg gjekk til eliteserieklubben Skövde HF. Eit par år etter blei eg tatt opp i A-laget.

HK Country i 2005. (Foto: Privat)
Etter overgangen til Skövde blei det også noko meir ambisjonar. – Etter at eg gjekk til Skövde stilte eg etter kvart høgare krav til meg sjølv, og det blei viktigare å vinne kampar og at laget skulle hevde seg, fortel Hannele.
I denne perioden måtte Hannele også for bestemme seg for om ho skulle satse på handball eller fotball. – Eg spelte fotball til eg var 16 år, men då eg kom inn på toppidrettsgymnaset måtte eg velje mellom å halde fram med handball eller fotball. Det var det vanskelegaste valet eg har gjort, men eg angrar ikkje på at det blei handball.
I løpet av tida i Skövde var Hannele også på utlån til andre svenske klubbar. Etter kvart gjekk turen utanlands og til BSV Sachsen Zwickau i tysk bundesliga. – I Tyskland er det meir eit karriereval å spele handball. Der skal ein ikkje vere på trening for å ha det gøy, men fyrst og fremst for å prestere. Eg synest sjøl det er enklare å prestere når det er gøy. Handballen i Tyskland var nesten som ein jobb. I Volda er det annleis og mykje betre fordi ein kan faktisk har eit liv ved sidan av handballen. Det trur eg er viktig for å kunne samle energi og tenke på noko anna, og ikkje berre vere opptatt av handball, meiner Hannele.

Hannele i Skövde. (Foto: Victor Ljungström).
Etter ein sesong i tysk bundesliga kunne Hannele tenke seg å bytte klubb, og Volda kom på bana med spørsmål om ein muleg overgang. Like før sesongen 2023/24 blei Hannele klar for spel for Volda, og ho fekk også med seg klubbveninna Aud Silseth til Sunnmøre.
Dei to fyrste sesongane i Volda har Hannele hatt kapteinsbandet. – Det har vore gøy. Eg hadde erfaring med kapteinsrolla i alderbestemte klasser, men dette var fyrste gongen på seniornivå. I denne rolla har det vore ein fordel å ha bakgrunn med utdanning innan leiing, fortel Hannele. Ved sidan av handballkarriere har Hannele bachelor i personal, organisasjon og leiing. Dette er også noko av grunnen til at ho har jobba i bank sidan ho kom til Volda, fyrst i Sparebanken Møre og sidan i Sparebank1 der ho no er kundevert.
Denne sesongen er kapteinsrolla overlatt til Dana Gudmundsdottir, mens Hannele har fått rolla som assistenttrenar i tillegg til å vere spelar. – Eg synest Dana har gjort ein kjempejobb som kaptein. Eg har no gått inn i rolla som assistenttrenar, og ved sidan av held eg fram med å utdanne meg til trenar. I Sverige er trenarutdanninga opp til nivå 6, og så kan ein gå vidare til å bli mastercouch der ein kan vere trenar for lag i Champions League. Eg er no på i gang med nivå 5.
I Volda har Hannele trivdes frå fyrste stund. – Eg blei tatt veldig fint imot i Volda, det var ein fin gjeng eg kom inn i. Det er mykje engasjement rundt klubben, med for eksempel Froskeberget som støttar oss i kvar kamp, og sponsorar som stiller opp og som ein får eit godt forhold til. Eg kjem sjølv frå ein ein nokså liten stad, og saknar eigentleg ikkje så mykje her i Volda bortsett frå matbutikkane i Sverige som har eit noko betre utval. Elles er det sjølvsagt familie og vener heime i Sverige som ein kan sakne.
Kva synest så Hannele om sesongen så langt? – Eg synest vi i tidlegare sesongar har spelt godt mot andre topplag, men så har vi også tapt mot lag som vi eigentleg burde ha slått. Det er langt igjen av sesongen, og eg trur fortsatt at vi har ein god sjanse til å kunne rykke opp, avsluttar Hannele optimistisk.

Hannele trives godt som playmaker, men har så langt også scora 237 mål i voldadrakta.


