Aurora Hjelseth-Steen

Storsiger i kronekampen

Volda med full kontroll i årets kronekamp

Årets kronekamp samla heile 670 tilskodarar på tribunen, og sett opp mot tabellsituasjonen låg alt til rette for ein komfortabel heimeseier. Det slo også raskt ut i praksis.

Då Pors fekk sitt første mål etter nærare ti minutt, hadde Volda allereie notert seg for åtte. Heimelaget styrte kampen frå start til slutt, og sjølv utan å briljere offensivt eller setje alle sjansane sine, var dominansen tydeleg. Til pause stod det heile 20–5.

Også etter kvilen tok det tid før bortelaget fekk hol på byllen. Pors måtte vente nye ti minutt før sitt første mål i andre omgang, men i motsetnad til den imponerande opninga, hadde Volda berre scoret tre gonger i same periode. Det verka som om heimelaget var litt «vaksinert» mot scoringar denne omgangen, og då det stod att ti minutt av kampen, hadde Volda berre lagt på åtte mål etter pause.

Avslutninga vart likevel solid. Forsvaret stod som ein bauta dei siste ti minutta, og bak leverte Natasja ein strålande kamp med nær 50 prosent i redningsprosent. Likevel var det Aurora som vart kåra til banens beste. I sitt comeback etter skade var Oslo-jenta nær feilfri, med sjå mål på åtte forsøk.

Sluttresultatet vart ein overtydande 37–15-siger.

No ventar bortekamp mot Bækkelaget 20. desember før juleferie. Allereie 4. januar er det klart for ny toppkamp når Aker kjem på besøk til Volda Campus Sparebank1 Arena.