Trenaren har ordet

Volda reiser fredag til Oslo for å møte Bækkelaget i sin siste kamp før jul.

Etter nokre sesongar i 2. divisjon rykka det gamle storlaget opp i fjor, og har så langt plassert seg midt på tabellen i 1. divisjon. Sist helg holdt Bækkelaget godt følge med Flint til eit stykke ut i andre omgang, før det til slutt endte med eit klart tap. Voldatrenar Reidar Møistad er derfor førebudd på at det kan bli ein tøff kamp.

– Vi møter eit lag som har variert mykje, men som har eit svært godt toppnivå så vi er spent før kampen. Vi trent godt denne veka her, og nokon av hadde spelarane hadde også ei god oppleving då dei var med å vinne 2. divisjonskampen mot Aksla på onsdag (32 -21). Vi reiser til Oslo med bra sjølvtillit, men vi veit at dette kjem til å bli ein tøff kamp. Bækkelaget har ein tendens til å aldri gi seg, så kampen blir nok ikkje avgjort før heilt på slutten.

Kampstart Bækkelaget – Volda er laurdag 20. desember kl. 15.00 i Bækkelagshallen