
Sterk bortesiger – Volda avgjorde med tempo og breidde
– Meget flott spel! Det var gjengangaren frå kommentator i andre omgang – og han hadde heilt rett. Volda Handball køyrde over Bækkelaget i opninga etter pause, i ein periode som fortener terningkast seks i både kontrings- og ankomstspel. Av naturlege årsaker fekk Volda lite etablert spel i denne fasen, men også der finst det framleis nokre knepp å skru for å få full utteljing. Dei ti første minutta av omgangen enda likevel med ein knusande 10–4-differanse i favør sunnmøringane.
Midtvegs i den siste omgangen valde Bækkelaget å legge om til 7 mot 6-spel. Det endra kampbiletet noko, men gav Volda dei enkle måla i open kasse. Bakover sleit bortelaget store delar av kampen, og her er det framleis mykje å hente. Målvaktsspelet låg også nokre hakk under det vi er vane med frå dei danske sisteskansane, men med betre samspel og meir hjelp i forsvar skal dette strammast inn.

Så kom nokre minutt der Volda slappa litt av og sleppte Oslo-laget inn att i oppgjeret. Likevel kom heimelaget aldri nærare enn tre mål, på stillinga 29–32. På slutten hadde Volda kontroll og sikra ein komfortabel siger, 31–36, i ein kamp der fleire igjen tok ansvar offensivt.
Helga vart toppscorar med ni mål, medan Ine vart kåra til banens beste etter seks mål og fem assist. Bak dei følgde Dana med sju scoringar og Marie med fem.
Det var heller ikkje berre ute på bana Volda vann kampen. På tribunen leverte bortepublikummet for fullt – og dominerte heimelagsstøtta på ein svært så grei måte.


