
Trenaren har ordet
Handballåret 2026 startar med eit smell når Volda tar imot Aker heime til toppoppgjer søndag 4. januar.
Aker har gått på knepne tap i sine to siste kampar, og ligg no på 3. plass. Volda ligg to poeng bak Aker, men har ein kamp mindre spelt. For Voldatrenar Reidar Møistad er det derfor mykje som står på spel når desse to topplaga møtes til ein kamp som kan bli heilt avgjerande for kven som rykker opp.
– Det blir ein real toppkamp der vi møter eit godt Aker-lag som har klare ambisjonar om å rykke direkte opp. Dei har hatt litt stang ut i eit par kampar, men ligg godt an til å kjempe heilt i toppen. Vi har vore samla sidan 29. desember og trent godt i heile perioden, så vi skal vere maksimalt førebudd, fortel Reidar.
– Det er ein ekstremt viktig kamp for begge lag. Vinnaren vil ha los på Flint Tønsberg som leiar serien, mens taparen vil bli liggande etter. Vi går «all in» og har tøffe ambisjonar om å ta to poeng i ein svært vanskeleg kamp, så vi håper god støtte på full hall.
Til denne kampen har Volda handball invitert alle lag, frå dei yngste til senior på heile Sunnmøre og Nordfjord, og fleire har allereie meldt sin ankomst. Vi forventar mange på tribunene, så vi oppmodar publikum om å kome i god tid før kampstart.
Kampstart Volda – Aker Topphåndball søndag 4. januar 17.30
Billettar kan kjøpast under i link, i app eller ved inngang


