
Trenaren har ordet
Laurdag skal Volda i bortekamp mot Storhamar Bredde, eit lag som har variert mykje i prestasjonane denne sesongen.
– Vi slo Storhamar klart her i Volda i starten av sesongen, men vi forventar ein tøff kamp på Hamar, seier Voldatrenar Reidar Møistad.- Storhamar har fleire gode resultat denne sesongen. Dei har slått Aker, og dei var med Flint heilt inn og tapte med berre eit mål sist helg. Men helga før tapte Storhamar stort mot Stavanger, så dei varierer mykje, fortel Reidar.
– Vi stiller med fullt lag bortsett frå Mie som er framleis er ute, Ine og Sofie er tilbake i trening. Vi har brukt ein del tid på å sjå Storhamar på video, og skal vere godt førebudd på det som truleg møter oss på Hamar. Spelarane er revansjelystne på det som fortsatt heng i frå Aker-kampen, der førre kamp mot Kjelsås var eit steg i rett retning. Så må vi sjå om vi kan løfte oss endå eit hakk, for det må nok til for å slå Storhamar på laurdag.
Kampstart Storhamar Bredde – Volda laurdag 17. januar kl. 16.00 i OBOS arena.
Vårt lag i 2. divisjon tar imot Byåsen søndag.
Kampstart Volda 2 – Byåsen søndag 18. januar kl. 14.00 søndag i Volda campus Sparebank1 arena.


