Trenaren har ordet

Laurdag er det klart for ny heimkamp når Volda får besøk av Levanger. Til denne kampen vil også Volda si spennande nysignering få sin debut.

Trøndarane har så langt hatt ein nokså bra sesong, og ligg tre poeng bak Volda. Voldatrenar Reidar Møistad håper på at laget hans kan følgje opp den gode innsatsen i frå seieren mot Storhamar.

– Vi har ein bra følelse etter Storhamar-kampen, det byrja å likne noko. Bortsett frå Mie så har vi alle tilbake frå skader, og det ser bra ut på trening. I tillegg så debuterer vår nysignerte spelar på laurdag. Julie Ellingsen får sin debut i voldatrøya som høgre bakspelar, og det gler vi oss til å sjå. Det venter ei god treningsveke for oss med god matching mot herrelaget til Ørsta i alle fall to økter, og så får vi sjå om vi klarer å bygge vidare i forhold til Storhamar- kampen. Vi møter eit godt Levanger-lag som kan vise til fleire gode resultat. Iløpet av januar blir det også spelt fleire andre interessante kampar som vil bety mykje med tanke på opprykksstriden. Skal vi henge med der, så vil seier og to poeng bli viktig for oss på laurdag.

Kampstart Volda – Levanger laurdag 24. januar kl. 15.00 i Volda campus Sparebank1 arena.

Billettar kan kjøpast under i link, i app eller ved inngang

https://voldahandball.woow.no/home