
Trenaren har ordet
Stavanger som Volda skal møte til heimeoppgjer på laurdag ligg på 9. plass med 9 poeng. I bortemøtet vann Volda 38 – 31 etter å ha lege under for Stavanger til pause. Etter tapet mot Levanger har Volda no to poeng opp til kvalikplass.
Det er derfor viktig med to poeng i denne kampen understrekar Voldatrenar Reidar Møistad.
– Vi gler oss til å ta imot Stavanger. Ein litt uheldig 2. omgang sist gjorde at vi tapte mot Levanger. Stavanger varierer litt i prestasjonar, men toppnivået er veldig bra. Ganske nyleg slo dei for eksempel Storhamar klart med 9 mål heime, og sjøl om dei varierer litt heime og borte blir det nok ein tøff kamp.
– Vi er i ferd med å setje saman nye konstellasjonar igjen for n`te gang denne sesongen, og er spent på korleis vi vil framstå framfor heimepublikummet. Så får vi håpe at vi er påskrudd heilt frå start, og at vi kan setje Stavanger på plass. Vi hadde vel ein omgang av kvar sort i kampen mot dei i Stavanger, då vi låg under til pause men vann klart til slutt. Vi håper på mange folk i hallen, og satser på å slåst godt for to poeng.
Kampstart Volda – Stavanger laurdag 31. januar kl. 18.00 i Volda campus Sparebank1 arena.
Billettar kan kjøpast under i link, i app eller ved inngang


