
To poeng på en dårlig dag er like mykje verdt som på ein god ein
Er det lov å setje punktum og ikkje nemne 1. omgang? Det er sikkert lov – men vi gjer det ikkje. For dette var rett og slett ikkje bra. I lange periodar, den lengste på nesten åtte minutt, står vi utan scoring. Bakover er vi lite kompakte, og trenarteamet har nok med å få tru og håp inn i ei spelargruppe som ser ut til å vere mentalt ein heilt annan stad enn i Volda Campus. På det verste ligg vi seks mål bak, 6–12. Og sjølv om vi – ikkje fordi vi er gode – klarar å redusere til berre tre mål bak til pause, er dette utan tvil den svakaste omgangen vi har levert denne sesongen. Ingen tek ansvar, og ballen blir dytta rundt som om han er eit problem ingen vil ha i hendene. Fleire gongar har vi open veg mot mål, men vel heller å skyve ansvaret vidare til sidemann.
Heldigvis kan vi melde om langt betre forhold etter pause. Spelet hevar seg, og spelarane byrjar å sjå mål – og tør å setje nasen dit. Sjølv om ikkje alle sjansar blir sette, får vi i alle fall tilbake trua på at dette er mogleg å snu. Etter 15 minutt av omgangen er vi ajour på 18–18. Smila kjem tilbake, og med Mathilde på ein klart høgare redningsprosent, inkludert fleire viktige redningar, byrjar også litt av panikken å spreie seg over på bortelaget.
Likevel blir det jamt heilt inn – kanskje for jamt. Men i det siste angrepet slår vi den endelege spikaren i kista og sikrar ein altfor spennande, men særs viktig siger: 24–23.
Banens beste blir Dana, men det er samtidig verdt å nevne Mathilde som er avgjerande i fleire situasjoner bakover. No er det to veker til neste heimekamp, søndag 15. februar kl.15:00 mot Utleira. I mellomtida skal vi på ein knallhard bortekamp mot serieleiar Flint.


