10 måls seier i en thriller av en kamp

Du skal vere lite interessert i handball om ikkje dagens kamp fekk pulsen opp i maksfart – og det heilt frå start. Volda Handball var tydelege i forkant: Det trong ikkje vere vakker handball, men to poeng skulle bli att på Sunnmøre.

Heimelaget viste alvor frå første kast. Dei gjekk raskt opp i 4–1-leiing før Trondheim Topphåndball like effektivt kom ajour. Men så tok Volda taktpinnen og regelrett heldt leikestove med trønderane. Balltempoet var høgt, kontringane sat, og avslutningane small i nota. Til pause lyste det sjeldan store siffer på tavla: 25–16 – heile 41 mål på éin omgang.

Kva som vart sagt – eller rettare sagt ikkje sagt – i garderoben, veit ein ikkje. Men Volda måtte ta sesongens raskaste timeout etter berre 3 minutt og 44 sekund. Då var bortelaget på full veg inn i kampen, og stillinga var 26–20. Det vart ikkje betre då heimelaget i same sekvens fekk to minutt for feil byte og i tillegg mista ballen. Trønderane utnytta situasjonen og sette inn to nye reduseringar – plutseleg var avstanden berre fire mål.

Men derifrå og ut bestemte Volda seg for å halde seg til gameplanen. Ikkje gjere det pent – men gjere det effektivt. Gradvis auka leiinga igjen, og heimelaget var raskt oppe i ti måls forsprang. Derifrå kunne dei rotere inn heile benken, og alle fekk bidra i det som må kallast sesongens kamp så langt.

Banens beste – og toppscorar – vart Julie Ellingsen med heile 12 mål.

Vi er heldige som er glade i handball, dere. 💙