Mie re-signerer med Volda!

Volda Handball kan med stor glede stadfeste at Mie Blegen Stensrud har signert ny kontrakt med klubben. Re-signeringa er eit viktig signal om kontinuitet og vidare satsing i laget.

Stensrud har vore ein sentral spelar i troppen, og har gjennom innsats, kvalitet og profesjonalitet markert seg som ein viktig bidragsytar både på og utanfor bana. Klubben er svært glad for at ho ønskjer å vere med vidare i utviklinga av laget.

Hovudtrenar Reidar Møistad legg ikkje skjul på kor viktig signeringa er:

Dette er ein særs viktig signering. Kanskje den beste spelaren i 1. divisjon førre sesong, og ei signering som gir tryggleik på at vi skaper eit lag for neste sesong som skal bite godt frå seg.

Mie har vore positiv gjennom samtalane våre over lang tid, og det var ei stor letting at vi landa dette no. Eg gler meg veldig til å arbeide vidare med Mie og ser fram til å få henne tilbake på bana så snart som mogleg.

For klubben handlar dette også om å bygge vidare på fundamentet som er lagt denne sesongen, og sikre kontinuitet i spelargruppa.

Samtidig kan klubben avsløre at dette berre er starten.

I tida framover vil det kome fleire re-signeringar, og klubben vil presentere desse fortløpande.

Følg med – fleire gode nyheiter kjem snart.