
Trenaren har ordet
Etter landslagspausen er Volda klar for ny kamp, denne gangen mot Glassverket i Drammen.
Volda vann 38 – 24 over Glassverket då dei to laga møttes i haust. Glassverket no ligg på nedrykksplass med berre åtte poeng, og Voldatrenar Reidar Møistad er forberedt på at drammensarane vil kjempe hardt for poenga:
– Glassverket er i stigande form. Dei har litt varierande resultat, men har gjort betydelege forbetringar sidan sist vi møtte dei. For oss handlar det om å vere fokusert for ein ny kamp som kan gje oss to poeng slik at vi held liv i håpet om å sloss om ein kvalikplass.
– Vi har fått alle tilbake frå landslagsamlingar og kan stille med tilnærma fullt lag. Thea Slenes er i fin utvikling, og iløpet av treningar denne veka så får vi avklart om ho kan vere klar for kamp. Vi har gode minner frå kampar mot Glassverket dei siste sesongane, så vi skal gjere det vi kan for å ta med oss to poeng heim frå Drammen.
Kampstart Glassverket – Volda er søndag 15. mars kl. 13.00 i Drammenshallen.


