
Tap mot Levanger
Levanger – Volda 33–27 (17–15)
Volda gjekk ut i hundre og viste frå start at dei ville sette standarden i bortekampen mot Levanger. Eit aggressivt og godt organisert forsvar, kombinert med solid målvaktsspel, gjorde at heimelaget måtte vente i fem minutt før dei fekk si første scoring. Likevel snudde kampbiletet raskt. Ei tidleg utvising hos Volda, saman med nokre dårlege skotval og tekniske feil, gav Levanger moglegheita til å ta leiinga 5–4 etter ti minutt.
Då Thea Slenes kom inn på bana, fekk Volda justert angrepsspelet sitt. Flyten betra seg, og både Thea og Julie tok større ansvar framover på bana. Med meir direkte spel og fleire scoringar heldt laga følgje kvarandre tett i den neste perioden. Etter 20 minutt stod det 11–10 til Levanger.
Mot slutten av første omgang prøvde Volda seg med 7 mot 6-spel, men manglande presisjon straffa seg hardt. Medan Volda måtte kjempe for kvar einaste scoring, kunne Levanger utnytte feil og sette enkle mål i ope bur. Heimelaget gjekk dermed til pause med leiinga 17–15.
Andre omgang starta med ein Volda-scoring, men Levanger svarte kontant med tre mål på rad. Plutseleg såg det ut som toget gjekk før Volda rakk perrongen. Sjølv om bortelaget fleire gonger var berre eitt mål bak, byrja kreftene å svikte utover omgangen. Med hyppige rulleringar og eit aukande tempo fekk Levanger overtaket.
Då det stod att tolv minutt, hadde trønderane dratt ifrå til 27–22. Volda prøvde ein siste offensiv med å ta ut to motspelarar, men det hjelpte lite mot eit heimelag med breidde og kvalitet – heile fem spelarar enda på fem mål eller meir. Spikaren i kista kom då Levanger gjekk opp i sju måls leiing sju minutt før slutt.
Kampen enda til slutt 33–27 til Levanger.
Samtidig tapte Åsane mot Utleira, og Levanger gjekk forbi Volda på tabellen. Aker Topphåndball spelar sin kamp mot Kjelsås i morgon, og sjølv om Volda gjer jobben sin ut sesongen, ser det krevjande ut å nå kvalikplassen.
No ventar endeleg heimkamp igjen. Søndag 29. mars klokka 18:00 tek Volda imot Gjøvik HK i Volda Campus Sparebank 1 Arena. Klubben håpar på godt oppmøte og vårstemning i hallen.
Dagens Voldaspelar vart Mia, som òg vart toppscorar med seks mål. Natasja leverte ein redningsprosent på 25 % over 50 minutt, medan Mathilde avslutta kampen med 29 % på dei siste ti minutta.


