Minneord Øystein Bakke

Foto: Ove Krumsvik

Øystein på handballfest i 2015, her saman med handballspelaren Tina Gavranic.

Det var ei trist men ikkje heilt uventa melding som vi mottok om at vår gode handballentusiast Øystein var gått bort.

Øystein har slite med helsa ei tid, men møtte likevel på heimekampane med damelaget heilt til det siste.

Engasjementet var alltid på plass, med klare synspunkt på kva som var bra og kva som ikkje fungerte like bra ute på bana.

Øystein, hadde over veldig mange år lagt ned ein ein enorm innsats både på Reset og for fotballen i Volda. Når interessa for handballen i bygda verkeleg tok fart for 17-18 år sida, meldte han seg likevel til tjeneste også for handballen. Det vart etter kvart trongt om plassen når publikum skulle finne parkeringsplass ved den gamle Volda-hallen, og her trengte besøkande ei bestemt og trygg rettleing. Øystein med sitt gode humør, lune smil og klare beskjeder skapte alltid god stemning for publikum som skulle rekke kampen. Handball er imidlertid også vinteridrett  og Øystein var klar på at når kamptidspunkt kolliderte med oppdrag på skisenteret, var det sjøvsagt skisenteret som måtte prioriterast. Noko vi sjølvsagt hadde stor forståelse for. Det vart likevel ikkje mange gonger dette skjedde. Øystein kunne ein alltid stole på møtte opp i god tid og reiste frå hallen ofte fyst når lyset vart sløkt. Øystein la aldri skjul på at dette aldri var ein stor belastning for han, men heller stor glede av å kunne bidra og være ein viktig del av eit godt miljø.

Takk for all hjelp, gode samtaler og din entusiasme også for handballen.

Volda Handball lyser fred over minnet til Øystein!

Bildetekst: Øystein på handballfest i 2015