Christian Berge til Volda cup

Ein av Norges fremste handballtrenarar vil det bli høve til å møte når Volda Handball byr inn til Volda cup siste helga i august.

I samband med cupen vil det bli kamp i toppdivisjonen for herrar mellom nyopprykka Bergsøy og fjorårets norgesmeister Kolstad i Volda campus Sparebank1 arena. Trenar for Kolstad er Christian Berge som i 2017 og 2019 leia det norske herrelandslaget til sølv i VM. Sidan 2022 har Berge vore hovudtrenar for Kolstad, eit lag som har fleire landslagsspelarar i stallen og som har spelt i Champions League dei to siste åra. Under Volda cup vil Berge halde i eit inspirerande foredrag for alle trenarar og lagleiarar som deltek med lag på cupen.

-Vi er veldig glade for at ein topptrenar som Christian Berge vil dele sine erfaringar, og trur dette vil vere veldig motiverane, anten dei er trenarar for dei aller minste eller på seniornivå, fortel dagleg leiar i Volda handball, Linda Engjaberg.

Toppkamp Bergsøy – Kolstad

Kampen mellom Bergsøy og Kolstad blir spelt laurdag kveld under cupen, og det er forventa fulle tribuner i det som er Bergsøy sin debut i toppdivisjonen. I frå Bergsøy meldast det om stor handballinteresse, og klubben har allereie har selt ut alle sesongbillettane. – Dette blir også eit av mange høgdepunkt i løpet av denne helga, og alle dei som deltek på Volda cup vil kunne kjøpe svært rimelege billettar (30 kroner) til denne kampen, fortel Engjaberg som minner om at publikumsrekorden i Volda campus Sparebank1 arena er 2196 tilskoderar i landskampen mellom Norge og Montenegro i 2023.

Linda Engjaberg og Volda handball inviterer til ei helg fyllt av handballglede under Volda cup (foto:Volda handball)

Volda cup for andre gong

Volda cup blei arrangert for fyrste gong i fjor, og klubben fekk mange gode tilbakemeldingar frå laga som deltok. – Vi hadde med lag heilt i frå Bergen, og fekk mykje skryt for alt frå god mat, service og korte avstandar til både overnatting og mange kjekke aktivitetar. Og så var det ekstra stas for dei som spelte finalar med pyro og innløp på full bane, fortel Engjaberg som legg til at Volda cup skal vere ei kjekk sosial helg med ei god blanding av handball og andre aktivitetar. – Vi har avtale om svært rimelege prisar ved Voldabadet, og det blir også høve til å prøve seg i klatreklubben til Volda klatreklubb. Elles har vi tilbod om mange andre aktivitetar i og like i nærleiken av hallen, så dette blir ein kjekk cup for alle og ein kvar, avsluttar Engjaberg.

Volda cup blir arrangert 28. – 30. august og påmeldingsfrist er 15. august på voldacup.no