
Nye treningskampar
Volda er i full gang med oppkøyringa fram mot sesongstart, og har lagt bak seg to treningskampar mot Oppsal (tap 26 – 30) og Fyllingen (seier 32 – 19).
Komande helg er det klart for to nye kampar, mot Skara HF (nr. 2 i svensk toppserie) og Molde Elite (nr. 3 i fjor). – Dette blir langt tøffare motstand der vi kjem til å få køyrt oss, men vi trur det vil vere ein bra inngang å legge lista såpass høgt med tanke på sesongen som ligg føre oss, seier voldatrenar Reidar Møistad.
– Vi har hatt ei bra oppkøyring så langt, Mie er på veg tilbake i lett trening denne veka og elles ser det bra ut. Eg er fornøgd med begge kampane mot Oppsal og Fyllingen. Til tider veldig bra, men så er det sjølvsagt også ein del å rette på etter så kort oppkøyring og eit nytt lag som må samspelast. Men når vi kjem fram til seriestart 6. september så skal vi vere klare, avsluttar Reidar.
Molde Elite – Skara HK fredag 14. august kl. 18.00 i Volda campus Sparebank1 arena.
Volda – Skara HK laurdag 15. august kl. 16.00 i Ørstahallen.
Volda – Molde Elite søndag 16. august kl. 14.00 i Ørstahallen.


