Skip to content

Nye stemmer skaper stemning

Tekst: Idar Flo, Foto: Idar Flo Publisert: 01/09/2026

Når Volda tek imot Storhamar i sesongopninga blir det nye stemmer som skal lose publikum gjennom kampen.

Gunnar Aurdal har vore speaker gjennom mange sesongar, men har no gitt stafettpinnen vidare til fem studentar som går tredje året på journalistikk. Å formidle kva som skjer er ein sentral del av deira komande yrke, og dei var derfor ikkje vanskelege å be då dei blei spurt om dei kunne overta.

Speaker-jobben består av langt meir enn å fortelje kven som scorar mål eller blir utvist. I tillegg må det timast og styrast kva som skal bli vist på storskjermane, og musikk skal spelast for å skape den rette stemninga. Alt dette har Gunnar Aurdal gitt dei nye speakerane opplæring i. Allereie under Volda cup var det generalprøve kor dei fekk prøvd seg litt på kunsten, og komande søndag blir det premiere for dei nye speakerane.

OPPLÆRING: Gunnar Aurdal viser korleis ein styrer musikk og skjerm. Fv. Hanna Huse, Peder Ormar, Gunnar Aurdal, Ildri Vigstad og Håvard Thorsrud. I tillegg er også Kaja Brusdal speaker.