J2013 vann alt i Spjelkavik Cup
Spjelkavik Cup vart ein parademarsj for Volda sine dyktige handballjenter. Dei vann gruppa si klart, og var storfavorittar før møtet med vertane frå Spjelkavik i finalen. Då vart det til gjengjeld så spanande at tilskodarane fekk utslag på pulsklokkene. Etter 10-10 til full tid måtte det ekstraomgangar til før Volda endeleg kunne løfte pokalen.
Jenter fødde 2013 er ei stor spelargruppe som har spelt ilag i mange år. Vanlegvis deltek dei med to jamne lag i serie- og cupspel, men stilte denne gongen med eitt lag grunna tett kampprogram og fleire fråfall. Dei hadde likevel små problem med å ta seg gjennom gruppespelet utan tap på dag 1. I tur og orden vann dei sine 20-minuttskampar mot Langevåg (12-4), Eikefjord (15-9), Spjelkavik (7-3) og Stadlandet (14-7).
Dermed var det duka for semifinale søndag, der Stadlandet igjen var motstandar. Finalekampane var på 2 x 20 minutt, og i løpet av desse scora Volda-jentene 26 gonger mot Stadlandet sine 15 mål.
I finalen venta Spjelkavik, og vi fekk altså ein skikkeleg thriller. To lag som begge spelte knallbra i forsvar, og gode målvakter i begge endane av bana. Det vart ein målfattig første omgang, og laga følgde kvarandre tett. I andre omgang fekk Spjelkavik eit lite overtak mot slutten med ei tomåls-leiing, og heimepublikum fekk ferten av revansj og pokal. Då sette dei sterke Volda-jentene inn ein sluttspurt som sikra uavgjort og ekstraomgangar. Ei skikkeleg oppvisning av viljestyrke, mobilisering, sterke haud og armar!
Volda hadde også ekstraomgangens einaste mål til det sto att 10 sekund. Då fekk heimelaget straffe, og moglegheit til å redde ny ekstraomgang. Nervepirrande sekund for alle i hallen, før Volda braut ut i ellevill jubel: det vart redning! Dermed enda finalen 11-10 til blåtrøyene.
Den mest spanande kampen laget har spelt på årevis, og ein verdig motstandar i Spjelkavik – som tok tapet med fatning og viste god sportsånd.
Pokalen blei med heim til Volda, og jentene fekk fortent applaus og heider seinare på dagen, i pausen under 1. divisjonslagets heimekamp mot Storhamar.
Ein stor takk til arrangør Spjelkavik for eit godt arrangement, der spesielt gode dommarar vart løfta fram i etterkant. Og sjølvsagt: Gratulerer til dei dyktige vinnarane! Her har Volda-publikummet mykje god handball i vente i åra som kjem.


