Skip to content

Forhåndsomtale

Trenaren har ordet

Tekst: Idar Flo, Foto: Jon Forberg Publisert: 28/09/2026

Volda har hatt ein problematisk start på sesongen, med skader på fleire sentrale spelarar og ein nokså mager poengfangst. Onsdag reiser laget til Oslo for å møte Kjelsås.

– Det blir nok ein vanskeleg bortekamp på onsdag, og ekstra vanskeleg for oss no som vi må stille med ei så smal tropp. Vi kjem til å bli utfordra på alle parametre, seier Voldatrenar Reidar Møistad

Kjelsås har så langt tapt mot Fyllingen og Gjøvik i sine to fyrste kampar, men vann i tredje runde med eitt mål mot Åsane. Skadesituasjonen til Volda pregar foreberedelsane til kampen mot Kjelsås.

– Eg må seie eg er ekstremt imponert over spelarane og korleis dei taklar situasjonen. Vi jobber på, og har hatt nokre kjempefine treningar. Eg er veldig stolt over spelarane og ikkje minst Mathias og måten han har tatt tak i dette no etter den forferdelege skaden til Mie og med fleire andre ute, fortel Reidar.

– Vi fekk ein på tryne mot Bækkelaget, og har ikkje råd til så mange fleire slike. Det blir derfor ein ekstremt viktig og vanskeleg bortekamp mot Kjelsås på onsdag. Vi skal forberede oss så godt som muleg, og så går vi all in for å ta med oss to poeng, avsluttar Reidar.