Skip to content

All-idrett er i gang

Tekst: Idar Flo, Foto: Volda handball Publisert: 30/09/2026

Aktivitetssalen i Volda Campus Sparebank 1 Arena var fylt med leik og latter då All-idrett hadde si fyrste samling på onsdag.

16 barn i alderen fem til sju år møtte saman med sine foreldre til ein time med ulike aktivitetar.

– Vi legg vekt på koordinasjon, motorikk og leik med ball, fortel Turid Bakke i Volda handball, som legg til at dei har fått svært gode tilbakemeldingar. – Alle som var med syntest dette hadde vore ein morosam time, både for liten og stor.

Denne onsdagen var treninga i aktivitetssalen, men neste gong og framover blir treninga på stor bane, og då blir det plass til mange fleire.

All-idrett er kvar onsdag kl. 17.00 – 18.00. Tilbodet er gratis der ein berre betaler medlemskontingent på 200 kr. per år. Opplegget er sponsa av Generalsponsor Sparebanken Møre.