Trenaren har ordet
Volda berga uavgjort og eitt poeng i siste sekund i bortekampen mot Kjelsås sist onsdag. Søndag møter dei Haslum heime i Volda.
Haslum rykte ned frå eliteserien, og har starta årets sesong med seier i sine tre fyrste kampar før det det noko overraskande berre blei uavgjort mot Åsane.
– Eg var ganske trygg på at Haslum skulle vinne mot Åsane, så at det blei uavgjort viser at det kan kome mange uventa resultat i 1. divisjon, seier Voldatrenar Reidar Møistad.
– Vi fekk med oss eitt poeng frå Oslo i kampen mot Kjelsås i ein kamp der prestasjonane våre svingte mykje. Mot Haslum må vi opp nokon hakk både offensivt og defensivt, og så håper vi å ha fleire speleklare. Det ser bra ut med tanke på å få med Ingeborg som måtte stå over kampen mot Kjelsås.
– Det blir ein svært viktig kamp mot Haslum, og seinare i oktober så kjem kampen mot Aker som toppar tabellen. Det er ikkje lang veg opp til topp tre, så eg håpar verkeleg at vi får mange voldingar i hallen til denne viktige kampen, avsluttar Reidar.


