Trenaren har ordet
Etter at seieren mot Fyllingen på søndag håper Volda å gjenta bedrifta når Åsane kjem på besøk onsdag kveld.
Åsane har hatt ein sesong med varierande resultat, og ligg poenget bak Volda. Laget vann lokalderbyet mot Fyllingen for ei veke sidan, men gjekk på eit tap mot Gjøvik på søndag.
– Det var ein bra kamp av oss på søndag, vi håper å kunne gjenta det på onsdag når Åsane kjem på besøk. Vi har evaluert kampen mot Fyllingen, og har trening i dag i Ørsta før vi går laus på dei siste forberedelsane, fortel Voldatrenar Reidar Møistad.
– Vi møter eit lag som har hatt ein noko treig start, og som er litt i same situasjon som oss, så eg forventar ein jamn kamp. Men er vi i nærheiten av nivået vi viste på søndag, så skal vi sloss godt om dei to poenga. Det er ein viktig kamp med tanke på tabellsitusjonen, og for å bygge på det momentumet vi har i laget no. Så vi gler oss til kamp, og håper det kjem endå fleire på tribunene og gjev jentene den støtta dei fortener, avsluttar Reidar.
Kampstart Volda – Åsane onsdag 18. november kl. 18.00








