(Foto: Marius Beck Dahle)

Klar for nabooppgjer

Etter ein lang EM-pause er det endeleg klart for kamp i eliteserien igjen. Onsdag er det Molde Elite som ligg på andre plass som kjem til Volda. Vi har spurt voldatrenar Halldor Haraldsson om korleis laget har førebudd seg før kampen.

– Vi er veldig spente for å kome  igang, det har vore litt rart å ha ein så lang pause i november, men vi har trent godt og fått inn bra mengde med både handball og fysiske treningar. Vi har sett bra ut på treningane i det siste, og gler oss til å kome  igang.

– Vi fekk med oss mykje positivitet inn i ferien med sterk seier mot Tertnes før pausen, og i håper at vi kan bygge videre på det. Vi veit at Molde er eit av dei beste laga i serien,  og har spelarar som europameister Thale Rushfeldt Deila og eit trenerteam på eit svært høgt nivå.

– Sjølvsagt har vi lyst til å vere best i Møre og Romsdal, og vi har ikkje tenkt å gje Molde nokon enkel kamp her i Volda.  Vi skal krige for dei to poenga og gjere alt i vår makt til at dei blir på Sunnmøre, avsluttar Halli.