Bill.mrk: Toppscorar søker jobb

Julia Andriichuk kom til Volda våren 2021, og kvitterte med å bli lagets toppscorar (116 mål) og svært delaktig i opprykket til eliteserien. No ønsker Julia seg jobb ved sidan av handballen.

Sjølv om trening og kampar krev mykje, så har Julia tid og kapasitet til overs som ho ønsker å fylle med ein eller fleire jobbar. Alle typar arbeid er av interesse, det vere seg butikkarbeid, reingjering eller andre typar tenester. Julia kjem opphaveleg frå Ukraina, og trivest godt i Volda.

– Eg vil gjerne yte noko i gjengjeld for den fine måten eg er blitt teken i mot her i Volda, fortel Julia og legg til at ho har førarkort og snakkar godt engelsk.

Volda handball sin medisinsk ansvarleg, Bent Ingebrigtsen, er av dei som er blitt godt kjent med Julia og har eit fått eit svært godt inntrykk av henne.

– Heilt i frå fyrste dag har Julia vist seg å vere svært ryddig og profesjonell i alt ho gjere, både på og utanfor bana. Ho er sympatisk, påliteleg og ein som eg varmt kan tilrå for ein framtidig arbeidsgjevar, seier Ingebrigtsen.

Har du jobb, eller kjenner du nokon som tilby jobb til Julia? I så fall kan du kontakte Julia (tlf. 00 63 50 80 500) direkte, eller hennar referanser (Bent Ingebrigtsen (tlf. 976 66 520) og Jill Jeanette Brænde (tlf 951 48 264 )

Her kan du lese meir om Julia: https://nernett.shorthandstories.com/fra-st-til-vest/