Enklare å sikre plass i eliteserien
Då årets sesong starta, måtte Volda kome på minst på 8. plass i årets serie for å vere sikker på plass i eliteserien også neste sesong. No er vegen til for å sikre seg eliteseriespel blitt mykje enklare.
Denne veka har styret i Norges handballforbund vedteke å endre opplegget slik at det ein 11. plass er tilstrekkeleg for å sikre seg ein plass i Rema 1000-ligaen til neste sesong. Handballforbundet har nemleg denne veka bestemt at Rema 1000-ligaen blir utvida frå 12 til 14 lag frå neste sesong. Endringa får betydning også for årets sesong ved at berre lag nummer 12 i REMA 1000-ligaen skal spele kvalifisering mot lag nummer 3 i 1. divisjon.
Planen ved sesongstart var at lag nummer 12 skulle rykke rett med, mens laga 9.-11. i REMA 1000-ligaen skulle spele ein intern playoff der det lågast rangerte lag måtte ut i kvalifisering mot lag nummer 2 i 1. divisjon