Ørsta Bil med «Entusiastbil» til Volda Handball!
Ørsta Bil har vore ein trufast og langsiktig samarbeidspartner for Volda Handball heilt sidan satsingsprosjektet starta i 2004. No blir samarbeidsavtalen utvida ved at firmaet stiller opp med ei permanent bilordning for klubben.
Dagleg leiar i Ørsta Bil, Kjell Krumsvik, er også handballentusiast og tidlegare spelar på Volda sitt herrelag over mange år. – Eg har tidlegare med glede stilt bilar til disposisjon for gjestande lag og dommarar og når klubben har hatt spesielle behov, fortel Krumsvik og held fram. – Eg synest dette har vore ei fantastisk reise å få vere med på, og er stolt over det ein liten bygdeby som Volda har skapt. Det var derfor heilt naturleg å respondere positivt igjen då Volda Handball la fram behovet for ei meir permanent bilordning for klubben.
Arild Bakke i Volda Handball fortel at klubben er heilt avhengig av slike gode sponsorar som Ørsta Bil. – Volda Handball treng sponsorar som yter utover det reint økonomiske. Vi er ein dugnadsklubb, og då må vi få hjelp på ulike måtar om vi skal få dette til å gå rundt og fungere i kvardagen, fortel Bakke som understrekar at avtalen gjer den daglege drifta enklare. -Vi i Volda Handball er takksame for at vi har fått til ein slik fordelaktig avtale med Ørsta Bil som gir oss meir fleksibilitet når behov dukkar opp. Dette gjeld ved arrangement, i dagleg drift, eller når spelarar har behov for medisinsk oppfølging som er ein del av kvardagen når vi spelar på øvste nivået i Noreg, fortel Bakke og legg til at han trur bilen vil vekke oppsikt. – Det er ein skikkeleg flott og profilerande «Entusiastbil» slik det naturlegvis berre måtte bli. Den vil nok bli lagt merke til då vi har valt flotte bilde frå fjellturen vi hadde saman med fotograf Ma Ortiz, avsluttar Arild Bakke.