Sparebanken Møre generalsponsor i fire nye år
Det er med stor glede vi kan informere om at generalsponsor Sparebanken Møre har signert avtale med Volda Handball for fire nye år med opsjon for ytterlegare tre år.
Dette er ei endå større avtale enn tidlegare som mellom anna vil innehalde eit felles prosjekt rundt klubbens arbeid innan miljø- og bærekraft. Prosjektet skal definerast nærare i samråd mellom klubben og Sparebanken Møre.
– Vi er svært glade og takksame for at vi har ein generalsponsor som viser stor forståelse for både utfordringane og verdien som ligg i at Volda Handball lykkast både når det gjeld topp- og breiddesatsing, fortel Arild Bakke og Norodd Dyrhovden i Volda Handball.
– Vi har mange viktige samarbeidspartnarar i Volda Handball som har vore med oss over mange år. Det er likevel ingen tvil om at Sparebanken Møre sitt store økonomiske bidrag, men også store engasjement er heilt avgjerande for at draumen om eliteseriespel i Volda kan få leve. Sparebanken Møre framstår som «heil ved» som ønskjer å bygge lokalsamfunn på Søre Sunnmøre, men samtidig ser på Volda Handball som eit viktig fyrtårn for heile regionen. -dei er rett og slett ein inspirerande samarbeidspartnar for oss som vil bidra til klubbutvikling, understrekar Bakke og Dyrhovden.
– Vi i Sparebanken Møre er svært stolte av å få være med vidare på denne reisa til Volda Handball i åra som kjem. Dei har ei heilt unik og fengande historie. Klubben framstår som profesjonelle i alle ledd, med gode verdiar som er synlege i kvardagen. Det at Volda Handball er så opptatt av å lykkast både med breidde- og toppidrett veit vi er svært krevjande og viktig. Vi ønskjer gjennom denne avtalen å trygge eit økonomisk fundament og synleggjere betydninga klubben har for både lokalsamfunnet og regionen, uttaler Mette Ryste på vegner av Sparebanken Møre.
For meir info:
Arild Bakke (90522420) og Norodd Dyrhovden
Volda Handballklubb
Cecilie Myrstad og Mette Ryste(48181326)
Sparebanken Møre