Jakta på opprykket

Det har blitt mykje å juble for i årets sesong for dei dyktige Volda-rekruttane. Laurdag håper dei så mange entusiastar som mogleg tek turen til Godøyhallen og toppoppgjeret i 3. divisjon!

Volda 2 har kun tapt ein kamp i år, og har berre laurdagens motstandar, Godøy, foran seg på tabellen. Dei har eitt poeng å gå på, men to kampar meir spelt enn Voldadamene.

Siger laurdag tek rekruttane eit stooort steg mot seriemeisterskapet og kvalifisering til opprykk i 2. divisjon.

Kom og sjå kampen og hei fram jentene laurdag klokka 17.15!