– Hanna fekk ein alvorleg skade dagen før avreise til fyrste kampen i førre sesong. Sidan har ho lagt ned ein stor jobb for å kome tilbake, og det blir gledeleg å sjå ho på bana igjen til hausten, seier Halli.

Hanna Ræstad er klar for ein ny periode i Volda.

Ho har vore i Volda sidan eg kom til klubben i 2016, og har no signert ei kontrakt med klubben til 2023.

Hanna har vore brukt i mange forskjellige roller, og er ein spelar som står på og jobbar hardt for å blir stadig betre. I år har ho bidratt frå benken i skadeperioden sin.

– Det blir veldig godt å få Hanna på bana igjen, ho er viktig for laget og prosjektet så vi er veldig glade for å ha ho med vidare, seier Halldór Stefán Haraldsson. 

Sidan Hanna kom til Volda i 2016 har ho har spelt 93 seriekampar for fyrstelaget og scora 201 mål.