Foto: Cecilie Åmås

Inspirerande handballdag i Stryn

Godt samarbeid er inspirerande! Onsdag fekk elitedamene i Volda Handball lade opp til sesongen med handballskule i Stryn og treningskamp mot Charlottenlund.

– Eg vil rette ein stor takk til våre fantastiske naboar i Stryn handball, seier hovudtrenar Halldor Stefan Haraldsson. Han fortel om ein strålande dag med mange flotte, unge spelarar frå regionen vår på plass på handballskule. (Biletet er teke av Cecilie Åmås.)

– Det var mykje fokus på leik med ball i starten av økta, og så øvde vi meir på teknikk i finter og skot i del to, oppsummerer han dagen – som ikkje berre var gøy for dei yngste: – Det er kjekt og inspirerande for oss å kunne ta del i eit slikt samarbeid og utviklingsarbeid, seier islendingen. 

Han fekk også bryne spelarane sine på eit treningsoppgjer mot Charlottenlund. Det vart siger 33-21. No ventar Vipers på heimebane neste veke, og Haraldsson håper å sjå att mange kjente fjes frå Stryn i Volda Campus Sparebank1 Arena i «handballveka». 

– Vi takkar alle som deltok på handballskule og kom på treningskampen, og håper å sjå så mange som mogleg i Volda neste veke! 

Foto: Marius Beck Dahle.

PS! Du ser Volda – Vipers og kan få med deg eit inspirerande foredrag i forkant av kampane måndag 8. august og onsdag 10. august. Løyser du billett til måndagskampen kan du kome inn gratis (mot å vise måndagsbilletten) på onsdag, for ei dobbel dose deilig handball!